onsdag 27. juni 2012

søndag 1. april 2012

Eit blankt lerret

Det har vore 
stille
her inne.

Det er fordi
me framleis 
finn oss til rette
i vår nye leiligheit!

Ho er som eit blankt lerret,
så eg måtte jo kjøpe fargar..

  

Eg elskar å leike med fargar!
Grønt, gult, korallraudt, og turkis
skal tonast ned med grått og svart,
kanskje mjuknast med litt brunt.

som eg gler meg til å
sette meg ned i til slutt,
for å mate auget,
og puste litt.

God søndag til deg!

onsdag 29. februar 2012

Å reise medan ein ventar

Ein kan 
reise sjølv når 
ein ventar på 
å reise.

Eg fòr 
frå Værnes
til Drodleland!


Alt ein treng 
er papir og penn,
fin musikk,
og kanskje litt 
..smoothie!


Og slik såg det ut
på fantasiens veg:



Når ein ikkje har knappar,
teiknar ein knappar å teikne på!





lørdag 25. februar 2012

Kaffi og kreativitet


Det er ekstra fint
å vere kreativ
når ein kan drikke
herleg kaffi
frå ein nydeleg kopp!


Så i går kveld gjorde eg nettopp det,
og fortsatte på knappeprosjektet mitt.


Så eg måla, limte, og kosa meg!


Øyredobbane fekk bakdelar i ekte sylv,


og ringane er i messing.


Dei blir lagt ut på epla
i løpet av neste veke,
men du kan kjøpe dei NO
Lei Kolleksjon Brukthandel!

torsdag 23. februar 2012

Ein knapp her, og ein knapp der..



Lukka er å finna
knappar som vekkjer
inspirasjon og glede!


Nokre vert til ringar,
og somme til øyredobbar.


Fleire vert til
knøtsmå kunstverk,
som óg skal bli til
øyredobbar og ringar..


Og jammen blei dei 
til eit blogginnlegg, óg..
Tjohei!

torsdag 24. november 2011

Telysstjerner

Lenge tok eg vare på telyshaldarar,
for eg var sikker på dei kunne bli til
noko fint noko, tenkte eg.

..sakte men sikkert byrja ein idé ta form.


Fyrst bretta eg dei ein gong,
sidan bretta eg dei ein gong til,
og brått blei ein stjernetagg til!


Taggane blei fleire,
og fire taggar 
blei saman éi stjerne!


Stjernene blei så mange
at eg gjekk tom for telyshaldarar.
Og no kan du kjøpe dei
Drope reDesign på epla.no, 


Fin julegåve, som kan brukast til mangt:

Pynt juletreet, vindauget, eller kanskje ei uro?
Bruk som borddekor saman med td kongler og stearinlys.

..eller kanskje har du ein idé eller to?


Har du tatt vare på telyshaldarane dine?
I så fall blir eg veldig glad 
om du vil sende dei til meg,
så eg kan gi fleire telys evig skin!

Send ein e-post til:
droperedesign@gmail.com

torsdag 10. november 2011

Veggvinyl

På bestemor sitt eventyrloft
fann eg så mange grammofonplater
at hjartet byrja danse 
til ekkoet av musikken deira.

For grammofonplater er vakre,
og kan brukast til så mangt.

Mine kan du henge opp som veggpryd!


Ein treng ikkje mykje,
anna enn tusj og tid,
og gjerne litt fixativ.

..så er det berre å få ein idé!



Sidan plata er rund,
brukte eg runde former. 


Og fordi blomar er vakre,
lot eg kronblad brette seg ut
eitt etter eitt, frå inst til yst.


Polkadott er flott!
..så ein prikk her, og
åtte prikkar der.


Likte du dei?
Du finn dei på